Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg ti-kaffe…

Dordi Jorunn Halle Tysdag 28. april 2015

Elevane hadde lagt mykje arbeid i arrangementet. Ungane i storskulen hadde først laga fin invitasjon og sendt ut. I mat og helse hadde dei baka sjokoladekake og pynta, og bakels vart steikt like før gjestene kom. Elevane i tredje og fjerde trinn stilte med nybaka kefirkake, og dei dekte bord. Første- og andre-klassingane hadde plukka kvitsymre, og dei stod også for bordpyntinga. Alle kaffebrøda smaka fortreffeleg!

Bror og Sindre steiker bakels. Foto: Dordi Jorunn Halle

Gjestene vart ønska velkomne både inne og ute, – triveleg! På programmet stod allsong, diktlesing, dans, quiz og kunstutstilling. Elevane i småskulen las artige dikt, riktig flinke var dei! Dei stilte i vikingkufter og med skjold og sverd. Dei har hatt om jernalder og vikingar i historie, og så har dei laga vikingutstyr i kunst og handverk.

IMG_4736

Kunstnarar inspirert av Picasso, Erik og Henrik. Foto: Dordi Jorunn Halle

Elevane i storskulen leia programmet i tillegg til at dei var ivrige quiz-meistrar. I kunst og handverk arbeider dei no med kunst inspirert av Pablo Picasso. Bileta var ikkje riktig ferdige, så vi fekk sjå kunstnarane i arbeid og bilete «in progress».
Ti-kaffelaget vart riktig vellukka, og det er tydeleg at folk set pris på å bli inviterte til skulen. I dag kom det om lag 40 gjester som alle let vel om arrangementet!

IMG_4737

Ivrig målar, fint kunstverk i bakgrunnen. Foto: Dordi Jorunn Halle

Og for dykk som ikkje var med på dagens quiz, så kan de prøve dykk på denne gåta:
«To fedrar og to søner åt tre egg til frukost. Kvar av dei åt nøyaktig eitt egg. Korleis kan dette stemme?»

I galleriet finn du fleire bilder frå «Ti-kaffen» i skulen.   Alle foto: Dordi Jorunn Halle

Publisert: 28. april 2015, 20:30