Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Triveleg  pubrunde  på  Todalsøra

Triveleg pubrunde på Todalsøra

Jon Olav Ørsal Sundag 27. desember 2009

Andre juledag var Todalen.no ein tur på Todaløra og besøkte Pakkhuset pub. Vi var nok der litt for tidleg på kvelden, men etterkvart vart det da ganske bra tilsig med julegjestar.
Det har i sommar og haust pågått snakkararbeid på puben, og no er vi på det nerast ferdige, fortalte eigarar og vertskap Erling Halle og Synnøve Helland.
Puben har vorte eit populært tilbod til todalingane og Erling er godt nøgd med besøket på puben.
Puben fekk ein «flying start» på åpningskvelden for TIL’s jubileum og «slektsstemne» i fjor sommar, og sia har den vore open i ferietida, i høgtider og elles når det har vore behov. Og puben er eit populært tilbud som todalingane veit å sette pris på.
I jula er det no ope 2. og 5. juledag.
2. juledag var det quiz, der fleire lag kjempa om å få mest poeng og dermed ein ærefull seier. Dette er undehaldning som engasjerer både gammel og ung og kveldens premie var ein fin marsipangris.
Alle foto: Jon Olav Ørsal
Ungdommar på puben. Frå venstre Sondre Halset, Brit Grønmyr, Frode Grønmyr, Kristen Bruset, Kristen Ørsal, Camilla Rambø, Erlend Halset og Torkjel A. Moe.
Familien Molvær/Eggen fra Skatval og Brattvåg feira jul på Todalen Bygge. Dei har årlege Todalsturer i august og feirar jul her for første gong, men ikke for siste gong!
Trakk det lengste stå i quiz-konkurransen og fekk marsipangris i premie. Frå venstre Jon Bruset, Ingrid Kvendset og Bjørn Kvendset.

Publisert: 27. desember 2009, 01:00