Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg kaffeslaberas på mårgåskvisten

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. januar 2020

Spontan invitasjon på Todalen.no og uhøgtideleg morgonkaffe, eller kaffeslaberas om du heller vil.  Møtestaden var Skulstuå, og på det meste var vi 10-12 personar rundt langbordet. Enkel traktering, der brødboksane og kaffekanna vart sendt rundt – og skravla gjekk i eitt og latteren satt lett.  Triveleg selskap og all honnør til dei som tok initiativet og arrangerte morgonkaffe eller kanskje vi skal kalle det popup-cafe.

Triveleg mårgåsstund rund langbordet i Skulstuå. Praten gikk lett og latteren var aldri langt unna. Foto: Jon Olav Ørsal

Line Kvendset må vel få æra for at ho tok initiativet, og på berre eit par dagers varsel var det bra oppmøte og både livleg debatt og smittande latter rundt bordet. Line fortel at det ikkje er planlagt noko fast opplegg for morgenkaffe, men det kan bli ein og anna gongen i tida som kjem også – og sjølvsagt på kort varsel og med heilt enkel traktering.  Da ligg det vel i korta at det blir restane av julebaksten som kjem på bordet så lenge den varer?

På eit hjørne av langbordet var det faktisk datakurs som var eit av samtaleemna. Kanskje det er på tide med eit lite kurs i «kvardagsdata»? Kanskje det var ein ide å kombinere dette med litt kaffeslaberas, og så ta ein liten sekvens med eit aktuelt emne attåt?  Det var Anders Talgø som lanserte ideen, og den tykte vi faktisk var god – kva tykkjer du?

Brødboksen gikk rundt! Neste «popup-cafe» blir også på kort varsel fortel Line – her saman med Justina. Foto: Jon Olav Ørsal

Nei da, det var ikkje eige karrabord, men vi lura oss til plass på enden av bordet! Frå venstre Jon Olav, Anders og Jon B.  Foto: Laila K. Bergli

Skulstuå – i dag var det faktisk «grønstikk» i plena og 5-6 varmegrader. Skulstua var åstaden for dagens «popup-cafe» – eit triveleg innslag i kvardagen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 15. januar 2020, 10:55