Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Triveleg julekonsert i kyrkja

Triveleg julekonsert i kyrkja

Jon Olav Ørsal Måndag 13. desember 2010

Det var ingen som kunne unngå å kome i julestemning, da Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og Bøfjorden mannskor song jula inn, saman med orkester. Med smått og stort var det eit 70-tal som hadde teke seg fri frå juleførebuinga for å få med seg denne konserten, og dei trong ikkje angre på det.  Med nokre snøfjoner i lufta utafor vinduet vart det retteleg julestemning, og dyktig musikarar og korsongarar sørga sørga for å forsterke den følelsen.

Kora song både kvar for seg og saman i eit felleskor, og både med og utan musikk. Øystein Moe, Jonse Sættem, Sigrid V. Bøe og Nora Bøe hadde fleire roller som solistar, og nyorganisten i Rindal, Daniel Bjørlo, trakterte orgelet. Orgelet småtrøbla forresten litt, da det var nokre tonar som ikkje heilt ville vera med. Det var nok den tørre lufta som var orsak til det. Men det hindra ikkje at det vart ein framifrå konsert, som publikum såg ut til å nyte.

Avslutningsvis var det avslutta med Arne Dagsviks kantate over juleevangeliet  «I denne søte juletid», noko kor og orkester hausta stor applaus for. Dirigent for både orkester og dei tre kora var sjølvsagt Bernt Bøe, som takla den rolla bra.

Nedafor finn du eit lite bildegalleri frå julekonserten.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 13. desember 2010, 06:00