Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg ettermiddagskaffe i skulen

Jon Olav Ørsal Fredag 7. juni 2019

Fredag inviterte elevane i Todalen skule til ettermiddagskaffe, der alle som hadde lyst var velkomne.  Til kaffen var det diska opp med både nystekte bakels, sjokoladekake og krydderkake, men heile arrangementet starta med song frå scenekanten.  Alle elevane var med i «skulekoret», og dei hausta skikkeleg applaus for songen sin.

Det var bra deltaking på ettermiddagskaffen denne fredagen. Foto: Jon Olav Ørsal

Etterpå vart det servert kaffe og det vart ei triveleg pratestund rundt borda, før quiz-konkurransen starta. Da vart kaffegjestane og elevane spredd rundt borda, og så vart kvart bord sitt eige lag. Dei eldste elevane hadde laga spørsmåla med god hjelp frå lærarane, og her fekk både elevar og kaffegjestar noko å bryne seg på.

Bli med på quiz, oppfordrar Johan, Hallvard og Maria. Foto: Jon Olav Ørsal

Gjennomgang av svara på quiz – Hallvard og Maria med god hjelp frå Anja som er kontaktlærar.

Quizen engasjerte rundt borda. Frå venstre Synnøve, Anne Hjørdis, Reidun Helene, Selma og Ylva. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 7. juni 2019, 13:15