Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg å gå tur i lag!

Dordi Jorunn Halle Måndag 29. juni 2020

Kløverturen tek no sommarferie nokre veker framover. Men det er kjekt å gå tur i lag, og i sommar ligg det ikkje til rette for så lange ferieturar. Derfor vart gjengen i dag einige om at den som har lyst, tid og anledning kan møte på Hals måndagane framover for heilt uformelt å gå tur i lag!

Kaffekos! Frå venstre Eli, Jorunn, Synnøve og Arndis. Foto: Dordi J H

Her var det godt å sitje. Sigrun og Dordi. Foto: Dordi J H

Dagens tur gjekk etter Toåa tursti; det er ein kjøle høveleg tur til ei formiddagsøkt. Veret var bra, men litt kald trekk nede ved elva, så det var godt å ta kaffepause inne i gapahuken.

Våren 2020 vart heilt annleis enn nokon kunne ha tenkt seg på grunn av  koronapandemien. Alle arrangement i Sanitetsforeninga vart avlyste frå og med 12. mars. Kløverturgjengen var da godt i gang med sesongen; dei hadde alt gjennomført fem Kløverturar. I februar og mars var det tur i regn, vind og stormflo ein måndag. Veka etter tur utover Stranda i vårver, så ein dag i retteleg snøfokk, deretter ein kjempefin vinterdag i Øyalia og til sist tur utover Ansnesvegen.

Rundt bordet frå venstre: Helen, Dordi J, Marit og Kari. Bak kamera: Åse.

Fjerde mai kunne Kløverturen starte oppatt, men etter nye reglar for fysisk avstand, samkjøring i bil og servering. Det har ført til at alle turane har hatt startpunkt på Hals, og at det ikkje kunne ha vore arrangert Rusleturar eller lunsj. I alt vart det 13 turdagar våren 2020 mot 18 våren 2019.

Kløverturgruppa er spent på smittesituasjonen når det lir ut i august, og om det da kan bli meir normalt opplegg.

Men som sagt: Det blir uformelle turar måndagane framover sommaren. Start frå Hals kl. 11:00, turmål blir bestemt i lag ved turstart. 

Vel møtt!

Kjekk plass ved Båthølen! Foto: Dordi J H

 

 

 

Publisert: 29. juni 2020, 23:12