Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trimtur til Ansnessetra

Dordi Jorunn Halle Torsdag 14. juni 2018

Trimgruppa i Todalen idrettslag arrangerer trimturar onsdagskveldande i juni, og onsdag 13. gjekk turen til Ansnessetra. Turleiar var Jorunn Nordvik.

Oppover seterevegen. Jorunn, Steffi, Jorid og Dordi Ingeborg. Foto: Gudmund K Kvendset

Turen starta i Oppistua på Hallset. Derifrå gjekk turen utover Geilvegen som er den gamle ferdselsåra utover til Ansneset. Geilvegen går i lia ovanfor Todalsøra, Baugen og utover til Nessahaugen. På Nessahaugen tok turfølgjet setervegen opp til Ansnessetra. Stigen er bratt og litt ulendt, men vel framme på setra er det flott utsikt. Ei gammel setertaus sa ein gong dette om Ansnesseterstølen: «Det er den skjønneste plett på jord!»

Pustepause. Mykje myrull i år. Frå venstre: Steffi, Jorunn, Jorid, Leif Ingar, Dordi Ingeborg. Foto: Gudmund K K

Etter ein rast ved setra gjekk turen innover myrane til dei kom inn til Oppistulia der dei gjekk ned att til Oppistua. Myrane er tørre og lette å gå no.

Idrettslaget har 10 trimpostar rundt om i Todalen: Ansnessetra, Fauskhjellen, Tårnet, Storhaugen, Talgøsetra, Dalasetra, Haukarsteinen, Gammelsetra, Løfta og Gunnøya.

Neste onsdagskveld, 20. juni,  er det ny trimtur, da er turmålet Talgøsetra.

Heldigvis er det no tilbod om mange fellesturar i bygda – det er retteleg kjekt å gå tur i lag og gjer så godt! Og tilbodet er «breispektra» – Rusletur, Kløvertur, Stavgang og Trimtur – det er berre å bli med ut på tur!

 

Start frå Oppistua på Hallset. Foto: Gudmund K K

Kristian H. Gjeldnes og Jorunn Nordvik. Foto: Gudmund K K

Utsikt mot Kvennsetgarden. Foto: Gudmund K K

 

Publisert: 14. juni 2018, 11:08