Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trim til Haukarsteinen og Sæterlia

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. juni 2014

Trimgruppa arrangerte tysdag kveld fellestur til Romålia og Romådalen. Med Trygve Halle som kjentmann gikk turen opp Romålia etter gammelvegen til Haukarsteinen, med 8 trimmarar i gruppa. På slike kveldar er det svalt og godt i Romålia som ligg i skuggen. Turen gikk vidare innover til Berga, der Romåa vart forsert.

Elva var stor, og kanskje i grenseland for å koma tørrskodd over. Men dei felste vart med vidare på turen mot Sæeterlia for nedfart. Ved flymerket vart det kaffepause før turen gikk utover mot Trongen og ned mot Sæterlia, Johjellia og til Høgbakkan og utover Røyskattvegen til Heggøyan.

Bilder frå turen er lagt ut i galleriet nedafor.  Alle foto: Jon Bruset

Publisert: 4. juni 2014, 10:09