Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trim og kaffelag ved Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Måndag 18. juni 2018

Base for dagens Kløvertur var Sanitetshuset i Todalen. Her vart det turar i mange variantar: Rusletur i bustadfeltet på Kvennset, somme gikk ein kort runde  og andre tok ein noko lengre tur. Ei tredje gruppe gjekk langt innover skogsvegen ovanfor Kvennsetgardane, medan den siste gruppa trong å gå motbakkar og gikk opp til trimposten ved Løfta. Men alle gjekk tur og alle var ute i frisk luft – det er målet med Kløverturane.

På tur innover skogsvegen ovanfor Kvennset. Foto: Dordi J H

Ved trimposten på Løfta. Frå venstre: Helen, Dordi, Dordi Jorunn og Jorunn. Bak kamera: Kari K

Veret var godt, så da vart det stort kaffelag på terrassen ved Sanitetshuset. Som vanleg var det riktig så god servering, og praten gjekk lett. Sjølvsagt vart det prat om veret, alle ventar på regn no. Det er så ikkje ofte her på Nordmøre sommars tid. Sjølv om vi mangla karane i dag, så vart det diskutert fotball og VM i Russland! Spesielt vart dei mange brente straffesparka diskutert.

Kaffelag på terrassen til Sanitetshuset. Trugande skyer over Snøfjellet. Foto: Dordi J H

Det er kjekt å ha Sanitetshuset som base, eit fint utgangspunkt for turar i mage retningar, stor platting med gode hagemøblar og så kan ein trekke innomhus om veret krev det. 

Dette var den siste Rusleturen før ferien, men det blir nye Kløverrusleturar når det lir ut i august.

Triveleg å gå tur i lag. Frå venstre: Arndis, Brit og Sigrun. Foto: Dordi J H

Men neste måndag, 25. juni, er det ny Kløvertur. Da er det plana å kjøre oppover til Talgø og gå innover skogsvegen på nordsida av Toåa. Rast ved «Gammelreiret». Deretter blir det sommarferie!

Da har vi så langt i vårsesongen gjennomført 16 Kløverturar. Det har vore både kaldt og glatt, surt og vått, men mest fint og godt ver!

Kitty og Grete kosar seg på tur. Foto: Dordi J H

Det vart litt kald vind ute, så da var det godt å koma inn. Frå venstre: Kari, Kitty, Ingrid og Jenny. Kitty blir snart 90. Ingrid fylte 90 for snart to år sidan og Jenny blir 97 – alle skulle heim og sjå fotball! Og dei har langt meir greie på fotball enn fotgrafen! Foto: Dordi J H

Her ser vi frå venstre og rundt bordet: Grete, Jorunn, Ildri, Arndis, Karen Johanne, Eli, Jorunn, Helen og Ingeborg. Foto: Dordi J H

Ved dette bordet sit frå venstre: Dordi, Brit, Jorunn, Dordi, Sigrun og Marit. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 18. juni 2018, 17:55