Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Treng trompetist til 17. mai

Treng trompetist til 17. mai

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. april 2011

Skal det bli hornmusikk til 17. maifeiringa i Todalen så treng vi ein trompetist! Det er Kristine Saksen Ulvund som er primus motor og organisator for å få til eit lite musikkorps til 17. mai og feiringa av nasjonaldagen. Ho har allereie fått med fleire til å danne eit improvisert musikkorps, men som sagt manglar ein habil trompetist. Det må vi ha for å spille marsjar, seier ho. Spelar du trompet, eller veit om nokon som spelar trompet, så ta kontakt med Kristine på telefon 916 74 607 snarast.

I fjor klarte ho å få til eit improvisert korps, og vi håpar at ho klarer det i år også. For korpsmusikk det høyrer liksom med til feiringa av nasjonaldagen. Kristine fortel vidare at det kjem til å bli eit enkelt program som blir sett opp, så du treng ikkje å være verdmeister for å bli med. Har du lyst til å være med i korpset, så nøl ikkje med å ta kontakt med Kristine!

Publisert: 7. april 2011, 06:01