Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ting og tang til loppemarknaden neste helg

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. juni 2014

Går du med planer om å rydde kjellar, loft og garasje så passar det godt no!  Neste laurdag (28. juni)  er det nemleg loppemarknad på Borholmen, som ein del av Todalsdagen 2014. Og da tek vi mot lopper av alle slag, fortel Borghild Talgø som er ledar for loppemarknaden. Når vi skriv lopper av alle slag, så er det unnateke klær! Det er det nemleg Saniteten som tek seg av, med innsamling til Estland kvart år. Men koppar, kar, gamle bøker og andre ting du ikkje brukar lenger tek vi mot, seier Borghild.

Det blir mange lopper av alle slag på Bordholmen på Todalsdagen.  Arkivfoto: Driva/Jon Olav Ørsal

Det er behov for litt tå kvart på loppemarknaden. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Loppekomiteen har mottak i reiskapshuset på Bordholmen torsdag 26. og fredag 27. juni, mellom kl 18:00 og 20:00, eller laurdag morgon fram til loppemarknaden opnar kl 10:00. Har du problem med å få levert lopper i dette tidrommet så henter loppekomiteen meir enn gjerne varene rundt omkring i bygda. Det er berre å ta kontakt med Borghild Talgø på telefon 908 41 614, for å avtla.  Borghild skryter forresten av givargleda både hos bygdefolket og frå utabygdes givarar. Dett gir kjærkomen inntekt til trimgruppa og fotballgruppa i TIL fortel ho. Så da er det berre å sette i gang!

 

Publisert: 18. juni 2014, 05:00