Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Treng du helikopterskyss

Jon Olav Ørsal Fredag 2. juni 2017

I løpet av juni er det plana at det skal flygast opp ny bru over Rossåa i Kvennsetdalen.  I vinter gikk det nemleg isforr som ødela brua og tok med seg stålkonstruksjonane nedover elva.  Når det kjem helikopter er det gusnstig at ein kan være fleire om oppdraget, slik at tilflyging kan delast på fleire og dermed få til ein billegare pris.

Kvennset grunneigarlag lurer difor på om det er fleire som har transportbehov med helikopter.  Det er ikkje dagsett når helikopteret kjem, men det er lova at det skal kome i løpet av juni. har du behov for helikoptertransport er det berre å ta kontakt med Gudmund K. Kvendset (Viastua) på telefon 71 66 38 06.   Da vil du bli informert om både tidspunkt, pris og korleis du skal pakke lasten.

 

Publisert: 2. juni 2017, 05:00