Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trenar utan mål om cup- og seriespel så langt

Elinor Bolme Fredag 1. mai 2020

Gjengen på Søya/Todalen G12 har starta treningssesongen 2020. Med nokre koronarestriksjonar var det likevel full fart på treningsfeltet på Bordholmen i går kveld. Det er ikkje lagt opp til kampspel, derfor var det desto større fokus på både teknikk og kondisjon i staden. I år består dette laget av gutar fra Todalen og Kvanne, fra 11 år og opp til 13 år.

Alt seriespel er så langt stoppa denne sesongen, men gjengen trenar likevel to gonger i veka, både på Kvanne og i Todalen. Fleire Idrettslag rundt om har også bestemt enten å avlyse eller utsette sine planlagte cup arrangement.

Trenarane Janne Lene Trønsdal og Geir Atle Røen instruerer i finting.

Det siste energinivået før avslutning må ut, så da var det fint å avslutte med doggisar tykte Geir Atle. Ein god gammal slager som ikkje går av moten.

Fine baneforhold på Bordholmen.

Mor Solveig utfordrar lett Marius på eit spurtoppgjør. Konkurranseinstinktet er på topp hos begge, men Marius hadde nok full kontroll på alle tre heata.

Først publisert: 1. mai 2020, 05:24 - Sist oppdatert: 30. april 2020, 21:23