Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trekte mange til julemesse

Jon Olav Ørsal Måndag 28. november 2016

Søndag arrangerte Surnadal husflidslag sin årlege julemesse. Denne gongen foregikk julemessa i 2. etasjen på gammelsamvirkelaget på Skei, og dit kom det mange både kundar og handverkarar – og handelen den gikk.

Plana var å arrangere messa i kulturhuset, men når det alternativet gikk i fløyten kom Norutbygg og Gammelsamvirkelaget som ein reddande engel, fortel Mari Nordvik, som er leiar i Surnadal husflidslag. Det var jamn tilstrøyming av kjøpelystne surnadalingar og todalingar på messa, og dei 37 utstillarane var godt nøgde med salet.

I galleriet nedafor har vi eit bildegalleri frå julemessa – alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. november 2016, 10:25