Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Trekning i «RomsdalsCup-lotteriet»

Trekning i «RomsdalsCup-lotteriet»

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. juni 2012

G12 og J12 har lenge gledd seg til deltaking i RomsdalsCup’n i fotball  i helga, og laga har hatt eit lotteri på gang for å finansiere turen til Romsdal. Og det gjorde dei til gangs, for dei fekk inn heile 18.000 på lotteriet. Dei takkar for velvillig støtte både frå  loddkjøparar, og frå sponsorar som har vore rause med gevinstar. Pengane skal gå til opphald, trivselstiltak og busstransport til og frå. Hovudgevinsten var ein skjenk frå Talgø, og den var det Beret Brøske som vann. Heile trekningslista finn du her.

Publisert: 14. juni 2012, 15:25