Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Trefte jerven, igjen…

Trefte jerven, igjen…

Jon Olav Ørsal Sundag 9. desember 2012

Å treffe jerven når ein er til fjells er ikkje lengen den store sensasjonen, og observasjonar av jervspor har nærast vorte dagligdags. Ola Bruset tok søndag ein ettermiddagstur til Brusetsetra, og der trefte han jerven. Han fortel at det var generelt lite spor å sjå på turen opp lia etter turistlina, men vel oppe på Tårnet kunne han sjå at det hadde vore eit yrande liv i høgda. Der var det spor etter både hjort og elg, i tillegg var det og spor etter oter, mår og to jervar.

Det var like ved Brusetsetra at dei to jervspora kryssa kvarandre, og der var det også skikkeleg revirmarkering i noe buskas like ved spora. Ola gikk etter det nyaste jervsporet eit lite stykke, og jammen fikk han eit glimt av jerven som rømte unna i fullt firsprang på mellom 100-200 meters avstand. Dette bekreftar at jerven framleis har tilhald i området, og at dei er i fleirtal.

Det er no 3 år sia Ola slutta med sauehaldet, nettopp på grunn av jervplaga. Etter at han gjennom mange år hadde mista mange sauer og lam, kom det eit par år der tapa toppa seg og han måtte slutte.  Trollheimen skal no skal være såkalla ynglefritt område, og det var mykje leven da den siste tispa med ungar var avliva i Storlidalen på slutten av våren. Ola meiner at dei som er bekymra for at jerven skal bli utrydda i Trollheimen, berre kan vente til slutten av februar. Da er det nemleg tid for yngling igjen!

Det er no lite snø i fjellet, og Ola fortel at det er fin å gå til fots på dei frosne myrane. Kulda har imidlertid gjort at det er mykje issvollar, så det kan lønne seg å bruke ispiggar og i tillegg være litt forsikig. Issvollane er enkelte plassar skjult under eit lite lag med nysnø.

Publisert: 9. desember 2012, 21:45