Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tre personar har testa positivt for Covid19 i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 16. januar 2021

Kommuneoverlegen i Surnadal kommune informerer tidleg laurdag kveld om totalt tre positive Covid19 testar. Det dreier seg om to nye påviste tilfelle og eitt tilfelle med framleis svakt positivt prøveresultat etter gjennomgått sjukdom. 

Ein person busett i Surnadal, har etter å ha kome heim frå utlandet, testa svakt positivt for Covid19, etter gjennomgått sjukdom på reisa. Personen er ikkje smitteførande, opplyser kommuneoverlegen. 

Ein utanlandsk statsborgar, som oppheld seg i kommunen, har òg testa positivt og er sett i isolat. 

Den tredje personen som har testa positivt, er ein gjestearbeidar som testa positivt ved innreise til Norge. Vedkommande er sett i isolat. To nærkontaktar er òg sett i karantene og skal testast på nytt. 

Alle tre var allereie i karantene da dei vart testa og fekk påvist smitte. Det er difor ikkje behov for lokal smittesporing, melder kommuneoverlegen. 

Publisert: 16. januar 2021, 21:59