Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tre fotballkampar på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 20. september 2020

Neste veke er det ikkje mindre enn tre fotballkampar på Bordholmen stadion. På måndag er det G9/10 kamp, torsdag er det J9/10 kamp og på laurdag er det G12 kamp. Det vil bli open kiosk på alle kampane med sal av m.a. bakels med graut.  

Kampane som blir spela er som følgjer:

  • Måndag 21.september kl. 18:00 – Søya/Todalen G9/10 – Surnadal G9
  • Torsdag 24.september kl. 18:00 – Søya/Todalen J9/10 – Surnadal J9/10
  • Laurdag 26. september kl. 12:00 – Søya/Todalen G12 – Smøla 1 G12

På grunn av eventuell smittesporing må alle som kjem på kamp(ane) registrere seg når dei kjem på Bordholmen. Idrettslaget har eige personell som utfører registreringa. 

Det blir open kiosk på alle kampane der det blir høve til å kjøpe bakels med graut og mykje anna godt. 

Så då oppmodar vi alle til å ta turen på Bordholmen for å sjå fotball live eller rett og slett berre for å ta ein kopp kaffe! 

Først publisert: 20. september 2020, 12:00 - Sist oppdatert: 19. september 2020, 11:15