Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Travel sommar for Ola

Travel sommar for Ola

Jon Olav Ørsal Måndag 8. juli 2013

Det blir ein travel sommar for Ola Kvendset. Etter at snekkarane gjorde seg ferdig med nyfjøset i forrige veke, er det no full guffe med kalving i tida framover. To kalvar kom til verden i dag, og i resten av juli er det venta 14 kalvar til, og i august er det venta heile 20 nye kalvar. For kalvane er det også ein tøff kvardag, for dei kjem direkte til opplæring i å drikke frå bytte.

Da vi var innom ein snartur var førstemann ferdig opplært, og Ola var i gang med nummer to i dag. Men det såg ut til å gå bra. På «føden» var det i dag to nykalva kyr, og ei som skulle kalve når som helst. Kyrne som har kalva blir halde unna melkeroboten dei fem første dagane, når dei leverer råmjølk. Deretter kjem dei inn i full produksjon og blir melka av roboten igjen og melka går til Tine.

Frå 1. august tek Ola over drifta av Viastua, og da får Gudmund og Wenche status som kårfolk på garden.

Publisert: 8. juli 2013, 21:46