Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Travel sesong for gevirpreparanten

Jon Olav Ørsal Fredag 16. oktober 2020

Nils Gjeldnes har spesialisert seg på preparering av gevir, og no er det høgsesong på den fronten.  Nils tek i mot gevir av både rådyr, hjort, elg og rein. Sågar har han montert gevir av bekre og sauer også – men det er flotte hjortgevir han tykkjer er mest imponerande og flotte å sjå på.  Og Nils har nok sett mange gevir for han har gjennom eit langt liv vore ein ivrig jeger, både på storvilt og småvilt.  Han er ikkje helt sikker på talet, men i underkant av hundre hjortar har han nok felt i si jaktkarriere. 

Det er ikkje så uvanleg at brunstkapane går hardt utover geviret. Denn karen har mista ein tagg i «kampens hete». Foto: Jon Olav Ørsal

Du kan lage mykje rart av gevir. Her er det ei lyskrone som Nils har laga av fallhorn. Foto: Jon Olav Ørsal

Nobegrenser Nils aktiviteten til å ta i mot gevir til preparering.  Han har allereie fått i fleire flotte gevir i år, og fleire er venta.  Det er meir jobb enn det ser ut for med preparering av gevir. Først må du få bort alt skinn og rense rundt geviret for feitt- og kjøttrestar.  Deretter må geviret leggast i vatn eit par dagar slik at ein får ut alt blodet frå skallen og geviret. Så må skallen og gevirfestet kokes i 4-5 timar i ei blanding av vatn og hydrogenperoksyd for å skallen og gevirfestet fint og kvitt.  Så blir skallen tilpassa slik at den er førebudd for montering på plate. 

Kundar har Nils frå både fjern og nær – men sjølvsagt er fleirtalet frå nærområdet. Da vi var innom var det eit skikkeleg hjortgevir som var klar for kniven.  Det var av den kraftige typen, og Nils var sikker på at det nok ville score mange poen i NJFFs gevirbedømming.  Men sesongen er lang, og Nils reknar med at det kjem fleire gevin inn til kokeriet han på Snøya.

Eit utval som akkurat no var under arbeid hos Nils Gjeldnes. Foto. Jon Olav Ørsal

Nils har også samla mange fallhorn. Det kan bli både knivskaft og lamper etter kvart. Foto Jon Olav Ørsal

nils gjeldnes med eit av gevira han har preparer for kunde. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 16. oktober 2020, 10:00