Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Travel førjultid på Orkideen

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. desember 2014

Det har vore ei travel førjulstid for Ida og Karen Oddny på Orkideen i Elektrogården i Miljøgata. Dei er no komne til «spurtfeltet» inn til jul, men det er enno rikeleg med mulegheiter for å sikre seg ei samanplanting eller annan juleblomster, eller ta en titt på bakrommet….

bakrommet2_1529

Likar du te- og kaffe litt utanom det vanlege er dette rette plassen…

Dei har nemleg mykje fint på bakrommet – både dessertoster, økologiske varer av ymse slag og eit stort utval i te- og kaffesortar og ikkje minst trøffelkonfekt.

Søndag er butikken open frå 12-18, og måndag og tysdag er opningstida 9-18, medan dei juleaften er ope 9-13. I romjula er opningstida 10-14, med 9-13 på nyttårsaften.

Orkideen_Bakrommet_1526

…eller kanskje litt dessertost elle økologiske produkt?

Publisert: 20. desember 2014, 22:35