Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Traktorpulling: Viste musklar på Halsanaustan

Jon Olav Ørsal Sundag 11. mai 2014

Traktorpulling er nok ei ny sportsgrein her lokalt. Stornaustet på Halsanaustan var arena for førestillinga, der traktorar og sjåførar viste musklar i finvêret. Stornaustet er den gamle Halsaskulen, som Halsa Utvikling er i ferd med å overta. No er det etterbruken som det legges vekt på, og søndagens arrangement med traktorpulling er eit slik eksempel på etterbruk.

Det var iallfall samla store horder med tilskuarar, over tusen i talet, og det var stor stemning på plassen framfor den gamle skulebygninga. Det var hestekrefter i store  mengder, og lufta var fylt av gromlydar, dieseleksos og støv.  Her var det kamp om å dra ei friksjonsvogn lengst muleg på kortast muleg tid, og forenkelte var det lett å dra 50 meter og få «full pull», medan andre snubla på startstreken og kom ikkje vidare. Men artig var det, og mye leven var det, men vi tipper at dette blir ein fast vårtradisjon i Halsa mellom våronna og førsteslåtten. her var det samla deltakarar frå Skogn i nord og til Eide i sør, med nokre lokale deltakarar som til neste år kanskje blir fleire. Arrangør var Halsa utvikling i samarbeid med Trøndelag Traktorpullingklubb.

Her kan du laste ned resultatlista fra konkurransen i traktorpulling på Halsanaustan 11. mai 2014.

Vi har lagt ut ein stor bildeserie fra søndagens konkurranse og litt «rundt omkring».  Foto Driva/Jon Olav Ørsal og Bjørn Sæther.

 

 

Først publisert: 11. mai 2014, 22:05 - Sist oppdatert: 12. mai 2014, 23:35