Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trailersalg og søndagsope på Hageland

Jon Olav Ørsal Fredag 28. april 2017

I dag starta vi sommarsesongen på Hagland, og det gjer vi med trailersalg over 3 dagar med fokus på hagamøbler.  Vi har hatt skikkeleg trøkk i dag, og det reknar vi med at det blir heile helga. Men no er alle sommarvarene på plass i butikken, og i år er utvalet av hagemøblar større enn det har vore nokon gong, seier May Britt Dyrli som er dagleg leiar for butikkdivisjonen i Talgø.

Det er no 5. sesongen for Hageland som opna våren 2013, og vi har heile tida hatt ei fin utvikling og no når sesongen startar for fullt har vi 3 gartnerar og totalt eit mannskap på rundt 15 personar som kan mykje om planter og hagestell som har sin arbeidsplass på hagesentret.

Kjell Oddvar Fiske er ein av dei du vil treffe på hagesentret – han har lang erfaring som gartner frå Fiske Hagebruk. Foto: Jon Olav Ørsal

Den siste månaden har det strøyma på med nye varer til vårsesongen, og vi har vel aldri vore betre skodd for ein ny sesong, seier Dyrli. Og som sagt kan vi seie at vi egentleg startar på den nye vårsesongen i dag, og i neste veke kjem varmen, dersom vi skal tru på yr.no som lovar temperaturar på 12 – 15 grader, seier May Britt Dyrli som minner om at Hageland no har «sommartid» heile sommaren. Det vil seie at hagesentret er ope måndag til fredag frå kl 9 til 18, laurdagar 9 til 16 og søndagar 12 til 17. 

Vi tok en runde innom butikken har har knipsa mange bilder som vi har lagt i eit bildegalleri nedafor.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. april 2017, 23:05