Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tragisk hjortdaue

Tragisk hjortdaue

Jon Olav Ørsal Sundag 24. oktober 2010

Ein dau kronhjort var laurdag funne heilt yttert på Holmen, der Lauvåa og Toåa renn saman. Den store kronhjorten hadde vikla seg inn i plast og fleire uheldige omstender gjorde at han ikkje kom laus igjen, seier leder i Surnadal viltnemd Raganar Halle til Todalen.no. Det er sannsynleg at det er plastrestar som stammar frå storflaumen så langt attende som til 2003, da rundballar i hundretal reiste til fjords.

Den store kronhjorten hadde vikla plasten inn i geviret, og i kampen om å kome fri hadde han fått den ein framfoten vikla seg inn i plasten, og dermed var tragedien eit faktum. Åstad bar preg av kampen for å kome fri, men den lykkast altså ikkje. Ledar i viltnemda, Ragar Halle, ber om at folk som ferdes i naturen og finn plast og likande som kan vere ein fare for viltet ryddar opp i dette. Slik kan ein lett unngå slike situasjonar som det som skjedde her.

Det var Brit Grønmyr som oppdaga hjorten først, laurdag morgon. Ho var på veg inn i terrenget på hjortejakt, da hunden hennar oppdaga den daude hjorten. Seinare vart den også oppdaga av eit anna jaktlag som var i ferd med å starte jakta. i området.

Den daue hjorten var eit staseleg eksemplar, som hadde eit flott gevis med 12-13 spir, og Halle trur at den kunne vere 130-140 kg i slaktvekt.

Publisert: 24. oktober 2010, 07:00