Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trafikkuhell i «Berglysvingen» på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 16. januar 2021

Klokka 16.10 i ettermiddag melder politiet at det har skjedd eit trafikuhell i «Berglysvingen» på Fv 6146 (Todalsvegen) på Nordvik. Det var ein bil med tre ungdommar frå Trøndelag, som ser ut til å ha kome litt for langt ut på kanten og hamna i bergveggen, på oversia av vegen. Politibetjent Per Gjeldnes ved Surnadal lensmannskontor fortel at dei to passasjerane i bilen er sendt til St. Olavs hospital på Orkanger med lettare skadar, Sjåføren vart ikkje fysisk skadd, men er rutinemessig sendt til legesjekk.

Ungdommane kom frå skitur i Todalsfjella og var på tur heim til Trøndelag da ulykka skjedde. Nødetatane var raskt på staden og tok hand om dei skadde. Vegen har vore stengt medan det pågjekk opprydding etter uhellet, men no i 17.30-tida vart vegen opna att.

Vegen var stengt for bilberging fram til 17.30-tida i samband med bilbergingassistert av politiet. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 16. januar 2021, 17:17