Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Træff og Marit Ingeborg vidare til A-sluttspel

Elinor Bolme Onsdag 25. juli 2018

I dag har Træff med dei fire surnadalsjentene spela to nye kampar i Dana Cup i Danmark. Første kampen møtte dei Kenty BT frå Sverige. Her vann dei komfortabelt 5-0, før dei fekk ein liten pause utpå dagen før ny kamp til kvelds. Denne var mot Trondhems-Ørn, og trønderjentene tok leiinga ganske fort. Jentene på Træff klarte likevel både å redusere og få inn eitt mål til slik at dei til slutt vann 2-1. 

Jentene vart dermed puljevinnarar og gjekk direkte til A-sluttspelet. Marit Ingeborg Ansnes fekk besøk av gammeltante Ragnhild og ogammelonkel Joh Moe under den første kampen. Tove Kristin Holten som er med nedover i lag med jentene har sendt oss hovedbildet, og tykkjer det er kjekt at det dukkar opp kjentfolk som publikum når dei er så langt heimafrå.

I morgon føremiddag kl 11.15 startar dei første kamp i A-sluttspelet. Vi ønsker lykke til og satsar på seier og lokale målscorarar! Foto: Monica Solheim/Træff.

 

 

 

Publisert: 25. juli 2018, 22:25