Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tradisjonelt biltog morgonkvisten

Tradisjonelt biltog morgonkvisten

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. mai 2012

Å arrangere biltog på grunnlovsdagen er nok spesielt for Todalen. Likevel har det tradisjonar heilt attende til 60-åra, da det vart arrangert såkalla «skrommeltog» med nokre få bilar og «Støvbrettet» til handelsmann Nordvik i spissen. Denne tradisjonen har levd vidare og i årets tog var det minst femti store og små kjørty som tok del. Deltakarane hadde samla seg ved Halsoil-stasjonen på Kvennset og turen gikk oppover bygda til Gammelfabrikken til Talgø.

Etter ein kort pause starta biltoget turen nedover bygda igjen og til Todalen ungdomshus, der Fotballgruppa serverte frokost. I biltoget deltok både traktorar, bilar og andre kjørty som var pynta med flagg, nyutsprunget bjørklauv samt anna høveleg pynt.

Vi kjem at med meir bilder frå froskosten og hovudfeiringa etter kvart. Her finn du bildeglimt frå biltoget i eit bildegalleri.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. mai 2012, 12:43