Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tradisjon med lunsj

Tradisjon med lunsj

Dordi Jorunn Halle Tysdag 14. februar 2012

Todalen Bondelag har ein fin og god tradisjon: Kvart år i februar kjem dei til oss på oppvekstsenteret og serverer lunsj – eit «kjøle» populært besøk både blant små og store. Det starta opp for snart 20 år sidan (trur vi) – utgangspunktet var eit prosjekt med sunn matpakke. I dag har dei fokus både på «kortreist» og sunn mat: heimebaka brød frå Steinarstua, egg frå Pestuå, jogurt frå Utigarden og lokal mjølk i kakaoen. Sunt pålegg og grønsaker er ein del av måltidet.

Alle kosa seg med maten, sat fint og roleg ved bordet, og eg hørte slike kommentarar : «Best kakå e ha ite», «Kjøle god jogurt», «Nydele mat», «Godt med kakao». Kevin og Frikk takka for maten, og dei sa vel det alle tenkte til karane i Bondelaget: « Håpa di snart kjem att»!

Her finn du fleire bilde frå skulelunsjen.  Alle foto: Dordi Jorunn Halle

Publisert: 14. februar 2012, 23:28