Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tour de Todalen i finvêret…

Jon Olav Ørsal Sundag 5. juli 2015

Trollheimen sykkelklubb arrangerte tur til Todalen i dag, som ei uhøgtideleg treningsøkt for den som hadde lyst, fortel rune kvande som har sendt oss bilete frå stoppen dei hadde ved HalsOils anlegg på Kvennset.  Dei hadde ført teke ein oppvarmingtur til Røv, før dei sette kursen til Todalen.

Så vart det ein runde rundt Todalen, opp til Bruset, før det vart stopp på Kvennset. Her vart dei avbilda saman med oljesheiken sjølv, før dei fortsette turen. På heimturen tok dei turen om Stangvika, når dei først var på dei traktene. Rundt 10 mil vart heile turen, trur Rune Kvande.

Reknar med at det vart forhandla om sponsoravtale, når dei vart avbilda slik framfor drivstoffanlegget til HalsOil?

På bildet ser vi:
Terje Nordvik frå HalOoil, Jørn Strandheim (Stiftstaden Sk), Lars Peder Solli, Leif Roger Bergheim, Pål
Ranes, Leiv Bæverfjord, Roger S Bergheim, Martin Hunnes. (Alle Trollheimen SK)
fotograf Rune K:)

Publisert: 5. juli 2015, 21:31