Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Torvlegging i Romådalen

Torvlegging i Romådalen

Ola Bolme Torsdag 19. juli 2012

Gunnar Nordvik og Lars Kvendset hadde fått i oppdrag å legge nytt torvtak på Austisusetra denne sommaren. Eg var så heldig å få bli med på min aller første Romådalstur. I går kjørte vi opp til enden av skogsvegen ved romålia med bilen til Gunnar. Det var Gunnar, eg, Lars og dei to gjeitene til Gunnar som var med på turen. Vi gjekk frå parkeringsplassen inn til Austistusetra. Her var det heile fjøstaket på Austistusetra vi skulle reparere. Det var ein lekasje på fjøstaket som trong vedlikehald. 

Først tok vi av torva på den eine sida. Så tok vi av pappen for å sjå om det var noko som var rotna eller øydelagt. Her la vi på forsterkningar på ei sperre, og vi måtte forsterke nokre endestykkjer på begge sidene. Da vi hadde hatt på papp og plastikk, så la vi på litt terv.Gunnar trefte godt med materialet som han hadde frakta opp i vinter med snøscooter.  

Vi både låg og åt mat på Austistusetra. Eivind og Signe Grønmyr gjekk opp i går kveld så dei låg på Steinarstusetra. Eivind kom og hjalp oss på ettermidagen i dag da vi skulle til å legge torva på den siste sida. På «solsida» av taket la vi all torva sjølv. Åshild kom oppover ein snartur idag, for å sjå om kyrne og koka kaffe til karane.

Under er to bildegalleri frå turen. Foto Ola Bolme, Gunnar Nordvik og Lars Kvendset

Jon Bruset var også oppom ein tur siste dagen og tok nokre bilete frå arbeidet. (red. anm)

Publisert: 19. juli 2012, 21:43