Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Torstein endeleg ute med plata si

Torstein endeleg ute med plata si

Elinor Bolme Måndag 28. oktober 2013
Endeleg er debutplata til Torstein Snekvik her! «Ut av det blå» er eit album fullt av energi med fengande rockelåtar som heilt klart kler Torsteins stemme, stil og vesen. I tillegg finn ein også vakre balladar og songar med tematikk der Torsteins engasjement og modenheit skin igjennom.

Det er Universal Music som står bak utgivinga, og dei ser eit stort potensiale i den 13-årige ungdomsskuleeleven og gler seg til eit langvarigt samarbeid skriv dei i ei pressemelding i dag.  Torstein er beskrive som ein proffesjonell, karismatisk, sjarmerande og rytmesterk, med ein fantastisk formidlingsevne, noko som kjem tydeleg fram i dette albumet både i tekst, vokal og supertøffe gitar-riff.

Ventetida har kanskje vore litt lang for artisten sjølv, men resultatet vart dertil bra. Hør ein smakebit her! Åge Aleksandersen Sambandet utgjer bandet på plata, og som har spela live med Torstein dei siste 2 åra. Torstein har også med sin egen versjon av Åge Aleksandersens «Ramp» på albumet. Lytt og lik!

Publisert: 28. oktober 2013, 20:52