Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Torsdagstreff  blir  onsdagstreff

Torsdagstreff blir onsdagstreff

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. mai 2012

Det er kulturhussjef Karstein Telstad som fortel dette i ein e-post til Todalen.no. Så frå 6. juni blir det altså onsdagstreff, og første onsdagtreffet så kjem Rolf Mariadal og Gudmund Husby på besøk frå Halsa. Da blir det både song, musikk og gode historier frå dei to frå Halsa. Årsaka til flyttinga er at torsdagstreffa kolliderer med aktivitetane til Stavgangruppa på torsdagar. Telstad håpar at mange kjem på onsdagstreffa, som frå no altså blir på første onsdag i kvar månad i Kammerset på Kulturhuset og dei startar kl 13.30.

Publisert: 30. mai 2012, 18:43