Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Torsdag: Biblioteket opnar igjen

Torsdag: Biblioteket opnar igjen

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. august 2013

Torsdag 22. august er Karen Johanne Talgø på plass i biblioteket igjen. Da startar eit nytt bibliotekår, og vidare utover hausten blir det ope kvar torsdag mellom kl 18 og 20 i skuleåret.  Karen Johanne ønskjer både gamle og nye boklånarar velkomne til biblioteket, der ho kan by på både bøker, lydbøker og videoar.

Samtidig ber ho om at alle som har lånebøker heime, kjem og leverer dei inn så snart som muleg. Todalen filial er som namnet seier ein filial under hovudbiblioteket i Kulturhuset på Skei. Dersom det er behov for bøker ho ikkje har i Todalen, kan di skaffast frå hovudbiblioteket på Skei.

Publisert: 21. august 2013, 18:22