Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Toril fikk tildelt kunstnarstipend

Toril fikk tildelt kunstnarstipend

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. november 2011

Fire kunstnarar i fylket er tildelt kunstnarstipend for 2011, det vedtok det nye kultur- og folkehelseuvalet i går, skriv nettsida til M&R fylke. Ein av desse kunstnarane er Toril Redalen frå Todalen, som får 80.000 kroner. Det er fjerde året Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut midlar til kunstnarstipend, og ramma for tildeling no i 2011 var 300 000 kroner. Ved utløp av søknadsfristen i september var det 28 søkjarar til kunstnarstipend. Søknadane var fordelt med 20 søkjarar innan visuell kunst, to innan dans, fire innan musikk, ein innan litteratur og ein innan samspel mellom dikt/musikk.

Generell vurdering av søknadene har vore gjort med bakgrunn i vedtekne statuttar for ordninga. Spesielt er det lagt til grunn følgjande kriterium:

  • Høg kunstnarisk kvalitet på og klare mål for arbeidet søkjarane vil gjennomføre i stipendperioden
  • Nyskapande og utviklande prosjekt for kunstnaren sjølv og for det kunstfaglege miljøet i fylket
  • Gode faglege grunngjevingar for korleis stipendet skal nyttast samt prioritering av søknader som skildrar arbeid innanfor notida sitt kunstfelt
  • Butid og verke i fylket.

Vi i Todalen.no gratulerer så mykje!

Publisert: 3. november 2011, 23:32