Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Torgdagen vart suksess…

Jon Olav Ørsal Sundag 30. november 2014

Torgdagen på Skei vart ein ubetinga suksess, – og trekte folk i tusenvis. Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom Kreativt Furum og Surnadal kulturhus, og Tove Merete Schei og Kartein Telstad var storfornøy både med arrangementet og tilstrøyminga av publikum.

Anne Marie Rognskag, Tove Merete Schei og Karstein Telstad.   Foto: Jon Olav Ørsal

Med rundt 40 utstillarar i stallen, og både torgplassen, Svorkasalen og foajen til disposisjon vart det ein ubetinga suksess. Torgdagen er nok komen for å bli og vil være ein fin arena for både næringsdrivande og privatpersonar som salsplass for både sjølvlaga produkt og mykje anna. Litt kald autavind var det nok, men det var rikeleg med plass for å kome inn i kulturhuset for å få i seg varemen igen, og kanskje slappe av med ein kaffekopp og vaflar med graut til.

Familiejulebord_1111

Thon Vårsøg hotell bydde på familiejulebord i restauranten. Foto: Jon Olav Ørsal

Thon Vårsøg hotell serverte familiejulebord i restauranten, og det var mange som nytta høvet til å smake på julematen som dei bydde på. Her var det både varme og kalde rettar, og noko for ein kvar smak.

I bildegalleriet har vi mange glimt frå torgdagen på Skei.   Alle foto: Jon Olav Ørsal.

 

Publisert: 30. november 2014, 22:35