Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tonekveld  i  kyrkja  på  onsdag

Tonekveld i kyrkja på onsdag

Jon Olav Ørsal Sundag 6. mars 2011

Onsdag 9. mars kl 19.30 blir det «Tonekveld» i Todalen kyrkje. Her får vi høre Todalskoret, Åsskard  Kyrkjekor og det blir allsong. Vidare blir det lysbilete med mange godbitar av anekdoter og historikk.  Og sjølvsagt blir det kaffestund etterpå.  Last ned plakaten her.

Oskeonsdagen blir markert med Tonekveld i 150 år gamle Todalen kyrkje. Årets tredje jubileumsarrangement består av korkonsert, biletkåseri, allsong og kaffestund. Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og organist Bernt Bøe byr på utdrag frå kantaten “Visst skal våren komme” og smakebitar frå musikken ved 100-årsjubileet i 1961.

Gjennom lysbilete blir det glimt frå Todalskyrkja si historie – ispedd fakta og anekdoter om personar og hendingar. Allsongprogrammet spenner over tekster og tonar frå dei same 150 åra.  Soknerådet spanderer kaffe og litt å bite i.

Først publisert: 6. mars 2011, 19:00 - Sist oppdatert: 11. mars 2011, 15:31