Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tone med konsert og plateslepp

Tone med konsert og plateslepp

Jon Olav Ørsal Måndag 14. november 2011

Tone Søyset Døving  torsdag kveld den nye singel-CD’n «Julenatt – Julesanger fra Nordmøre». Det skjer i Surnadal kulturhus kl 19:00, der det blir ein liten konsert med gratis inngang. Da blir det også høve til å kjøpe plata, og få den signert – ei høveleg julegåve til den som har alt! Julenatt inneheld 2 juleklasikarar; «Mitt hjerte alltid vanker» og «Juleverset», samt den nye songen «Måneskinn».

«Mitt hjerte alltid vanker» er ein av landets mest brukte julesongar, og i denne innspellinga er det bruka ein melodi med tradisjonar frå Todalen. «Juleverset» har også melodi frå Nordmøre og er ein av våre finaste julesongar, sjølv om den ikkje er så mykje bruka. Den tredje songen er «Måneskinn», frå TV-serien «Fjellgarden i Trollheimen» som var spela inn på Kårvatn.

Publisert: 14. november 2011, 20:28