Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Toneklang  –  konsert  i  kyrkja  i  kveld

Toneklang – konsert i kyrkja i kveld

Jon Olav Ørsal Sundag 3. juli 2011

Tone Søyset Døving og Trygve Brøske er todalsaktuell til helga. Søndag 10. juli kl 19.30 held dei konsert i Todalen kykje. Konserten er ein del av jubileet til  Todalskyrkja som i år feirar 150-årsjubileum gjennom heile året. Sist søndag kveld hadde vi Tone på tråden frå Hakadal, der ho bor, og ho kunne fortelje at ho gler seg til å kome heim til Todalen på ferie og konsert. Ho gler seg til å halde konsert i kyrkja som er neraste nabo til barndomsheimen hennar, og ho vart veldig glad da ho fikk telefon frå soknerådet om dette oppdraget. Dette er første skikkelege konserten ho held i Todalen og gler seg til det.

Ho fortel vidare at ho har plukka fram tonar og tekster både frå den første tida i Todalen og vi får bli med på fleire fasar gjennom livet hennar. Ho hugsar så vidt første gongen ho song i kyrkja. Det var i 6-årsalderen, og ein stor bamse av ein sjømannsprest spurte om det var nokon som hadde lyst til å synge. Tone stillte opp og song så det ljoma i kyrkja.

Ho seier at det er både naturleg og godt å ha med seg Trygve Brøske på konserten. Det blir liksom meir laussleppt saman med han, og dei kjenner nok kvarandre godt gjennom marge års samarbeid mellom anna i Famntak. Vi tippar for eiga rekning at denne konserten blir litt av ei oppleving for publikum denne kvelden. Her kan du laste ned plakaten som PDF.

Tone lovar også å kome med finvær til oss til helga. Ho ønsker seg iallfall minst 25 varmegrader og fin fønvind til ho kjem . -slik god auståvind som eg hugsar frå barndomen, seier ho til slutt.

Først publisert: 3. juli 2011, 16:00 - Sist oppdatert: 11. juli 2011, 22:30