Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tømmer i lange baner…

Tømmer i lange baner…

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. mai 2013

Livet har bestått av tømmer heile livet for Anton Skei. Han starta med tømmermåling  i 1975, og med eit par avbrot for skule og militærtjeneste har han vore fast ansatt sidan 1978. Første arbeidsgjevaren var Nordenfjeldske tømmermåling, men frå 2003 er det eit landsomfattande foretak som heiter Norsk Virkesmåling og har 150 ansatte. Anton Skei er den einaste som er ansatt i Møre og Romsdal, med base i Surnadal. Han har arbeidsplassen sin på terminalen på Industrikaia og dei 4 sagbruka i Surnadal kommune for mengda av tømmer finns nok på Indre Nordmøre.

Da vi trefte Anton Skei var han på Ansnessaga på tømmermåling. Her trefte han sin gamle kollega Råg Mikkelsen. For fram til 2010 var dei nemleg to om jobben. Men lite avvirking og meir effetive målemetodar gjorde at Råg måtte sjå seg om etter anna arbeid, og da starta i jobb hos MøreTre. Men sjølv om dei jobbar i forskjellige firma, så treffes dei nok rett som det er no og.

Tømmermålaren er ein nøytral part, som står mellom kjøpar og selgar av tømmeret. Han måler volum på kvar stokk, og vurderer kvaliteten. Så ordnar han oppgjørsgrunnlaget. I dag blir alt registrert digitalt og det foregår forholdvis lettvint. tidlegare var dei rundt på lunningsplassane og målte tømmeret, og da måtte kvar stokk noteres på papir og da vart det mykje etterarbeid for å få greie oppgjørslister.

Det meste av skurtømmeret i furu går i dag til Møretre, Solem Sag og Bøfjord Sag, medan det meste av skurtømmeret av gran går til Støren og Selbu og blir målt på målestasjonane der. Massevirket, som er mest slip, blir sendt til Skogn med båt og blir nok til avispapir på fabrikken til Norske Skog. Det grove furutømmeret havnar på Ansnessaga, der dei mellom anna produserer mykje laftetømmer og Villmarkspanel.

Publisert: 25. mai 2013, 06:00