Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tomme lovnadar

Tomme lovnadar

Elinor Bolme Tysdag 21. februar 2012

Sjølv om Telenor via Surnadal kommune si nettside lova at telefonnettet skulle vera i orden innan klokka 16 i dag, er fortsatt Todalen utan telefonforbindelse. I dag har NRK Møre og Romsadal endeleg teke turen innover for å laga sak på dette som no byrjar å bli ein farse frå Telenor si side. I reportasjen kom det fram at grunnen til problema låg i nedising av masta på Strengen og farane med klatring under slike forhold som sinkar ei løysing på problemet. Her kan du sjå denne reportasjen som gjekk no litt før 19, som muligens blir sendt på distriktsnyheitetne litt før 21 i kveld. Og her kan du lese kva Tidens Krav skriv på nettavisa tirsdag kveld.

Telenor forklarar forsinkelsen med at dei ikkje ønskjer å risikere liv og helse for at dette skal komme i orden. Så då får vi berre håpe at alle held seg friske og at ingen ting byrjar å brenne før alt er på stell igjen. Driva.no hadde også sak på dette i dag, der Ragnar Halle etterlyste informasjon frå kommunen si side til Todalen om kva som skjer undervegs. Den ser du her.  Her framstår problemet med å få ambulanse inn i bygda i løpet av helga som uproblematisk, eit problem Telenor tek med tilsynelatande stor. Ikkje sikkert dei med tryggheitsalarmar som ikkje fungerer tykkjer det same?

Ellers rettar vi ein stor takk til dei som har vore så vennlege å sende oss info undervegs, slik at vi har kunne formidle dette viare til berørte i Todalen og utabygdes.

Først publisert: 21. februar 2012, 20:23 - Sist oppdatert: 22. februar 2012, 10:19