Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tok turen til Bjøråskaret og puddersnø

Jon Olav Ørsal Sundag 16. april 2017

Det var såpass kaldt på toppane i dag at det var puddersnø, og dermed topp forhold  i Bjøråskaret i dag, fortalte Mari og Sondre da vi trefte dei ved Innerdalsmerket som var start- og målpunkt for deira tur.  Det var i ettermiddag 10-12 bilar på parkeringsplassen, og dermed ikkje den heilt store utfarten.

10-12 bilar på parkeringsplassen – men plass til det tredobbelte. Foto: Jon Olav Ørsal

I Klevhauan er det så godt som fritt for snø eit stykke nedom Talgø-setra ( til Jobu-hytta), så du må ta skiene på ryggen den første biten på tur opp. Men resten av turen er det rimeleg godt skiføre enno, iallfall så lenge det er såpass nattkaldt.

Sondre i Bjøråskaret, med Innerdalsfjella i bakgrunnen. Foto: Mari Redalen

Utsikt heimover mot Todalen og Midtryggen frå Bjøråskaret. Foto: Mari Redalen

Majestetiske Innerdalsfjell – Giklingdalen midt i biletet. Foto: Sondre Halset

Utsikt heimover – panoramavariant. Foto: Sondre Halset

Publisert: 16. april 2017, 20:00