Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tok på dykkardrakt – fikk sjå mykje laks

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. juli 2017

Svein Håvard Brøndbo og Tommy Settem tok på seg dykkardrakt og let seg flyte med elva nedover frå Romåhølen ved Falløya. På vegen nedover gjorde dei observasjonar av laks og aure, og på denne strekninga rekna deil heile 70 laks og aure – 10 til 15  av dei kan definerast som storlaks kunne dei fortelje. 

Ola Bruset er leiar i Todalen elveeigarlag, og han tykkjer det må være såpass med fisk i elva på denne tida. Han seier at laksen på denne tida går ein del opp og ned i elva, og at talet på laks kan varierer ganske mykje frå tid til anna.  Han fortel at dette talet med laks og aure som det er gjort observasjon av i dag utgjør ca 1/3 av all laks og aure som var teke på land i Toåa i fjor.  I dag vart det gjort mest observasjonar i området ved Laksesteinen, og kanskje litt mindre fisk lengst opp.  Men Bruset seier at dette kan variere frå dag til dag, men det beviser at det er bra med fisk i elva.

Bruset seier at det no er fin vassføring i Toåa, og at det er fisk i elva.  Så no gjeld det å få uti agnet, og få laksen på kroken….

Publisert: 25. juli 2017, 21:26