Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tok ein pause i julestrida

Jon Olav Ørsal Søndag 13. desember 2015

Søndag ettermiddag var det tid for å ta ein pause i julestrida og treffast til sosialt lag i Todalen ungdomshus. Ragnhild Ansnes Moe kunne ønske nærare hundre sambygdingar velkomen til denne adventkafeen og spesielt velkomen til dei er nye innflyttarar. Dei eldste i barnehagen og skuleungane markerte starten på arrangementet med Luciatog og flott song på Luciadagen.

Det var Todalen I.L. Todalen sanitetsforening, Start 4H, skulstuas venner, P/T-utvalet, FAU i Todalen oppvekstsenter og Todalen historielag som saman var vertskap for søndagens adventstreff – eit populært tiltak for både store og små todalingar.

Sigrid Edle Prestrud Halset fikk lykkeskillingen frå saniteten. Her saman med foreldra – Håvard og Siri, og Ragnhild frå Todalen sanitetsforening. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Det var ikkje lagt vekt på at det skulle være så mykje program denne dagen – det var viktigast at vi skulle ha tid til å treffe naboen og ha tid til å prate saman, med det var da plass til nokre planlagde aktivitetar i tillegg. Todalen sanitetsforening nytta høvet til å dele ut den tradisjonelle lykkeskillingen til dei to nye todalingane som er fødd i år. Dei to er Sigrid Edle Prestrud Halset og Hedda Jobotn Strømme som fekk sine lykkeønskingar frå foreninga. Saniteten nytta og høve til å offentleggjere vinnarane i kunstlotteriet dei har hatt i gang i haust.

Elles var det sjølvsagt både allsong og servering. Det vart servert julegraut, kaffe og kaker og dessertar til alle gjestane, og det såg ut som både store og små kosa seg i kvarandres selskap. Arrangementet var gratis for publikum, men det var loddsal der inntekta og omtanken gikk til einslege innvandrarar på asylmottaket på Sunndalsøra.

Start 4H hadde laga quiz til forsamlinga – det var naturleg nok spørsmål som var knytt til både norsk og internasjonal julefeiring og andre aktuelle spørsmål. Det vart naturleg nok konkurranse mellom dei forskjellige borda som kunne bryne seg på spørsmåla.

I det heiletatt var adventskafeen eit fint og sosialt tiltak som folk sette stor pris på og praten gjekk lystig rundt borda i ungdomshuset utover ettermiddagen…..

Bildegalleri fra adventskafeen i ungdomshuset søndag ettermiddag.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

 

 

 

Publisert: 13. desember 2015, 21:32