Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tok  avskjed  med  fjordtrafikken

Tok avskjed med fjordtrafikken

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. september 2013

Fredag ettermiddag tok både BF Førdefjord og MS Tollesund av skjed med rutetrafikken på Todalsfjorden. Bilferja Førdefjord gikk siste tur frå kaia ved oppdrettsanlegget kl 13.45, medan hurtigbåten Tollesund gikk siste turen i ruta frå Todalen kl 17.00.  Shuttle-bussruta til og frå hurtigbåtkaia på Todalsøra køyrde også sin siste tur. Dermed er ein epoke over, og kommunikasjonen inn- og ut av bygda går no etter FV 671. I første omgang  med eit kjørefelt og lysregulering, og med kollonnekjøring på dagtid.

2 dagar etter at raset gikk var Tollesund på plass. Båten vart da teken ut av turistrute ved Flåm i Sognefjorden, og sett inn i persontrafikk frå Todalen til Svinvika og Kvanne. Måndag 5. august var landgangsfartyet Maursund på plass, og gikk første tur frå Todalen til Svinvika med bilar. Så snart ferjekaia i Todalen vart ferdig, vart Maursund erstatta med bilferja Førdefjord. Det skjedde tysdag 13. august, knappe 2 veker etter at raset gikk. Med fleire rutejusteringar under vegs, har den rutegåande fjordtrafikken fungert godt som transportmiddel både for folk og bilar, sjølv om det i mange tilfelle har vore tungvint og gjort at vi har vore nødt til å planleggje logistikken betre.Med tre lange støyt i tåkeluren tok BF Førdefjord avskjed med Todalen for siste gong fredag kl 13.45. Frå Kvanne gikk turen denne gongen vidare til Kristiansund. Der skal ferja klargjerast for overlevering til nye eigarar den 12. september. Da går turen vidare til Caribien, via Kanariøyane, til St. Martin.

Mannskapet på BF Førdefjord har hatt ei triveleg tid i Todalen, seier skipper Reidar Berge til Todalen. Da Todalen.no var innom ein snartur før siste avgang var mannskapet som var på vakt samtstemt om at dei sit att med massevis av gode minner frå trafikken på Todalsfjorden. – Vi har fått berre ros og godord frå passasjerane, og vi må kvittere attende med at vi har hatt berre trivelege passasjar.  -Det har rett og slett vore artig, og vi har til og med fått skryt for svelane våre, la lettmatrosen til.  Vi kjem gjerne att til vinteren, dersom det blir problem med snøras og vegstenging. Men da kjem vi med større ferje, sa skipper Berge med eit smil da vi takka for praten.

På Todalsøra var det pause på hurtigbåten Tollesund da vi var innom. Skipper Einar Losnegård skryter uhemma av opphaldet i Todalen. – det har vore kjekt å vere her. Han har vore her eit par veker, etter å ha avløyst mannskapet som var på båten den første perioden. Med seg på båten har han Arvid Johan Halle frå Todalen som matros. Arvid har etter kvart fått spisskompetanse på produksjon av svelar, og dei to er enig om at dei vann svelekampen mot Førdefjord ved at dei serverte kaffen gratis.

 

Det har vore ein imponerande trafikk på hurtigbåten. I den perioden dei har vore her har det trafikkert i gjennomsnitt 230 personar på kvardagar, men litt mindre på helg uten pendlarar og skulebord. Laurdag morgon startar Losnegård på heimturen, med Arvid som mannskap. – Kanskje det blir Todals-tur seinare i haust.  Det har nemleg vore lange arbeidsdagar og lite sosialt liv den tida vi har gått i rute, og vi har høyrt mykje positivt om hjortfestane i Todalen, slutta Einar Losnegård.

Da står det berre att å rette ein stor takk til mannskapa både på BF Førdefjord og MS Tollesund for god hjelp, tilpassningsevne og servicevilje. Dere kom når vi trong det som mest! Har nok heile bygdesamfunnet bak meg på det!

Publisert: 7. september 2013, 08:34