Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalsdagen  3.  juli  –  Nils  Ove  garanterer  finvær

Todalsdagen 3. juli – Nils Ove garanterer finvær

Jon Olav Ørsal Sundag 20. juni 2010

Det har kanskje vore stilt i media om Todalsdagen 2010.  Men i kullissane har det foregått for fulle mugger, med planlegging av fotballturnering, SuperLotteri og eiga avis til Todalsdagen, sier stemnegeneral Bjørn Hauglann til Todalen.no. Det er iallfall heilt klart at det blir ei skikkeleg fotballfest for dei minste. Heile 40 lag er påmeldt, og det blir fleire fotballsparkere denne dagen enn heile befolkninga i Todalen til vanleg. Mellom 400 og 500 fotballsparkere kjem til å sette kvarandre i stemne på Bordholmen på Todalsdagen.

Todalsens venner – meld deg på
Det kjem fotball-lag frå fjern og nær, og er du på ferie i Todalen denne tida og er i alderen 7-10 år og har lyst til å delta i fotballturneringa. Ja da er det berre å melde deg på, for vi sett opp to ekstra lag for «Todalens venner». Eit for 7-8 åringer og eit for 9-10-åringer. Send ein e-post til bjorn.hauglann@talgo.no og meld deg på. Du må hugse å ta med fotballsko – resten av utstyret får du låne.

Super-lotteri
Tirsdag startar av årets Super-lotteriet på ICA Todalen. Hovedgevintane er eit Playstation 3-spill og ein Panasonic Flatskjerm-TV på 42″. I tillegg er det møbler fra Talgø og ein flott kvalitetsfotball på gevinstbordet. Trekning blir det etter finalen under Todalsdagen.

Garanterer finvær!
Ledar i Todalen I.L. Nils Ove Bruset garanterer finvær under årets Todalsdag. Det har iallfall stor betydning at værgudane er på vår side denne helga. Så vi vel å tru at Nils Ove har rett når han spår finvær til Todalsdagen!

Publisert: 20. juni 2010, 22:44