Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsdagen 2020

Stig Husby og Bjørn Gunnar Ansnes. Laurdag 27. juni 2020

Med temperaturen stabilt rundt 30 grader, var det ikkje berre dei som var med på «Ræta opp» som vart godt oppvarma under Todalsdagen 2020. Men det skal meir til for å legge ein dempar for eit så allsidig og velsmurt arrangement som Todalsdagen som i år ikkje hadde fotballcup som ein del av arrangementet på Bordholmen.

Grilling og kiosksal 

Ingen Todalsdag utan grilling, og årets utgåve av Todalsdagen vart ikkje noko unntak i så måte, sjølv om smitteverntiltak knytt til koronapandemien endra litt på menyen. Lars Stensby og grillgjengen serverte Vårrullar med chilisaus, trailergrill i brød og hamburgarar med salat og dressing. Og mange tok turen for å kose seg med velsmakande grillmat i finvêret. I kiosken var også omsetninga bra.

Loppemarknad for skattejegerar

Loppemarkedet vart godt besøkt, og gav moglegheiter for dei som var på skattejakt eller berre søkje ly for sola inne i reiskapshuset på Bordholmen. Og loppeteamet Mari B. Redalen, Lars Kvendset og Sissel Halset Storslett var kjappe på salslabben for å sikre inntekt til idrettslaget.

Ræta opp med rundt 100 deltakarar

For mange er høgdepunktet løpet «Ræta Opp», som samla rundt 100 deltakere i alle aldre. Deltakarane var med å støtta «sykehusklovnene» og deira arbeid på barneavdelingane på fleire av sjukehusa rundt omkring i landet. 

Aller først ut til start var «Mini Ræta», som er løpet for dei aller minste. Dei sprang ein runde rundt banen på bordholmen, medan dei andre deltakarane sprang 3 km.

«Ræta opp» passar for alle, og til start var det dei som hadde store ambisjonar om ny løyperekord, medan andre tok dette som ein fin spasertur. På grunn av smitteverntiltak så vart det i år delt opp i 4 startpuljer som starta med 1 minutts mellomrom.

Løypa går over Halsabrua og vidare i retning Halset – ræta heilt til topps, før dei returnerar tilbake til Bordholmen.

Veret viste seg frå sin alle beste side på Todalsdagen i år, og for mange av deltakarane vart det nok ein svett etappe opp bakkane i Ræta. Ved målgang var det ialefall mange som hadde teke ut alt av krefter dei hadde.

Ingvild Kårvatn delte ut premiar ved målgang etter smittevernsreglane.

Vinnaren av Ræta Opp i år vart Erik Kårvatn på ei sterk slutttid 11.05. Lagt til: resultatslista som vart publisert etter løpet 27. juni var ikkje riktig, og trekt tilbake.

Fotball, men ikkje fotballcup
Den tradisjonelle fotballcupen kunne ikkje bli gjennomført i år. men fotball vart det likevel. Først var det straffesparkkonkurranse der Surnadal sin A-keeper Torstein Snekvik sporty stilte opp og var sisteskanse. Han varta opp med mange gode redningar. 


Iver Grimsmo greidde å overliste han heile fire gonger og vart vinnar av straffesparkkonkurransen og dermed fekk ta med seg ballen heim.  

Etterpå var det kamp mellom dei vaksne og ungane. Då dommaren bles av for full tid stod det 6-6, og det heile måtte avgjerast på straffe. Dei vaksne vann denne, men dagens mål var det utan tvil Edel Therese M. Karlsen som scora på sin straffe.

Det var mykje folk innom i løpet av dagen, og inntrykket var at dei frammøtte storkosa seg i finvêret, både med god mat frå grillen og forfriskningar frå kiosken. Todalsdagen er ei særs viktig inntektskjelde for Todalen Idrettslag. Så sjølv om inntektene i år blir betrakteleg mindre enn normalt, gjev Todalsdagen eit positivt bidrag til økonomien i idrettslaget.

Så konklusjonen blir at også årets utgåve av Todalsdagen vart ein suksess trass i eit redusert program og restriksjonar.  Så får vi satse på at det blir meir normale tilstandar neste år.

Resultat Todalspålelotteriet:

1.premie, sitte-gruppe frå Talgø: Nils Ove Bruset.
2, premie, head-sett: Mari og Jo
3. premie, strandbag: Sigrun Ørsal

Her kjem eit fotogalleri frå Todalsdagen 2020. Fotografar er Stig Husby, Bjørn Gunnar Ansnes, Jo Gjeldnes og Guro Redalen.

Først publisert: 27. juni 2020, 15:12 - Sist oppdatert: 28. juni 2020, 09:35