Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalsdag  med  mykje  fotball  og  RætaOpp

Todalsdag med mykje fotball og RætaOpp

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. juni 2013

Det var knytta stor usikkerhet til laurdagens vêrmelding, men vêret vart mykje betre enn vi frykta. Det seier stemnegeneral Knut Bergli, som er glad for at Todalsdagen er gjennomført og han kan føye årets arrangement inn i rekkja av vellukka arrangement.  Vi måtte nok tåle nokre regnbyger utover dagen, men ikkje verre enn at arrangementet kunne følgje tidplana som var oppsett og det var knapt ein einaste paraply å sjå på Bordholmen. 

Det var ingen ting å seie på innsatsen hos miniputtane.  Foto: Jon Olav Ørsal

På fotballbanen var det tettpakka program på 5 banar gjennom heile dagen med over tretti deltakarlag i klassane knøtte-, miniputt og lilleguttklassane. For dei yngste var det ikkje så mykje alvor, men innsatsen var ikkje mindre av den grunn. Trur faktisk det var litt av ein festdag for mange av dei, og dei kunne nok ha forsett utover kvelden også. Men i lilleguttklassen var det nok litt meir alvor, da dei spela turnering mot semifinalar og til slutt finaloppgjør. Melhus og Oppdal gikk vidare til bronsefinalen, medan Molde og Rindal kom heilt til finalen. 

Både bronsefinalen og finalen var det stor fart i, og ingen hadde tenkt i gi seg i kampen om pokalane.  Men i bronsefinalen vart nok den oppgåva litt i største laget for Oppdal, som måtte tåle at Melhus fikk inn heil 6 mål medan Oppdal fikk eit. Sluttresultat vart altså 6-1 og bronse til Melhus.  I finalen mellom Molde og Rindal vart nok oppgåva litt for stor for Rindal som nok møtte litt for sterk motstand frå Romsdalingane. Sluttresutatet vart til slutt 4-1 til Molde som dermed gikk heilt til topps i turneringa. Men absolutt ein verdig andreplass og sølv til Rindal som kjempa til siste slutt. 

Midt i økta var det pause i fotballen for å arrangere mosjonsløpet RætaOpp.  Nokre regnbyger straks føre løpet gjorde nok at deltakartalet vart litt begrensa, men 104 deltakarar stilte på startstreken da ordførar Mons Otnes retta hagla med lauskrut i veret og skaut startskotet. I RætaOpp kunne du enten kjempe om løyperekorden, eller du kunne kjempe mot deg sjølv og bruke den tida du følte at du trengte. Halvor Drøpping satsa alle kort på å slå sin eigen løyperekord frå i fjor, og kom i mål på 11,59. På dei neste plassane kom sykkelkompisane Lars Peder Solli og Pål Ranes fra Trollheimen sykkelklubb. 

Men det var deltakarane som var nærast idealtida som vart premiert. Etter at alle var i mål vart det klart at idaltida i år vart 42,49, som er litt opp samanlikna med i fjor. Nerast idealtida kom Trond Svinvik og Målfrid Klungervik som i premie fikk kvart sitt gåvekort fra Thon Hotel Vårsøg med middag for 2 på Musters. Ellers var uttrekt Solveig Aasbø som fikk gåvekort frå Kårvatn Fjellutstyr, Per Anton Vatten som fikk gåvekort frå Surnadal kulturhus, Inger Grete Lundemo og Tor Asbjørn M. Ansnes som fikk kvar si korg med diverse innhald frå Hageland Surnadal, Ingvild Stensby fikk gåvekort frå Amfi Surnadal og Dordi Jorunn Halle som fikk gåvekort og hagehanskar frå Svinviks arboret. 

Det var mange talenter på banen under todalsdagen. Det er ingen tvil om at det kjem nye generasjonar som vil ta fotballen vidare inn i framtida.  Bla gjennom galleriet, så finn du kanskje kjentfolk i fotballdrakt. Alle foto: Jon Olav Ørsal   PS! Vi vil også legge ut bilder av deltakarlaga når dei er ferdig redigert  DS!

Først publisert: 29. juni 2013, 20:26 - Sist oppdatert: 30. juni 2013, 10:14