Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalsabend i Köln

Todalsabend i Köln

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. januar 2012

Denne veka har den tradisjonelle Kölnmessa gått av stabelen. Det er ei av Europas største møbelmesser, og som nettstad for ei møbelbygd var det naturleg at Todalen.no tok turen dit saman med møbelfolk frå Todalen. Terje Nordvik i Terjes Handelagentur er agent for Top Star kontorstoler, og jobba på standen deira denne veka.

Men Kölnmessa er ikkje berre kontorstolar for Terje. Han har ei stor kontaktflate i møbelbransjen, både i og utafor Noreg. Og som ihuga todalspatriot nyttar han kvart år høvet til å samle todalsvener til «Todalsabend» under messa. Der samlar han gjestar på tvers av bransje og kjedetilknyting ,og på tvers av landegrensene.

Dette har vore tradisjon kvart år sia 1993, og i år samla han heile 25 vener frå mange land til trerettars middag og allsong frå spesiallaga songhefte. Kveldens festtalar var Ola Magne Nordvik, som i talen hadde vertens «liv og virke» som tema. Vidare var det mange som nytta høvet til å fortelje gode historier frå dei tidlegare Kölnmessene og om andre tema.

Publisert: 21. januar 2012, 17:59