Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen skule – Uteskule på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 7. januar 2021

Så langt i skulåret 2020/21 har 1. – 4.årstrinn hatt uteskule mest kvar torsdag, medan  5. – 7.årstrinn har hatt uteskule omtrent kvar 4.torsdag. I dag hadde difor heile Todalen skule uteskule på Bordholmen. Etter at første time var ferdig på skulen, tok både elevar og lærarar på seg varme klede og gjekk, via Øyagrenda og Ørsalbukta, ned til Bordholmen stadion.  

Refleks er viktig når ein er på tur. Foto: Torill Gjeldnes

Vel framme på Bordholmen vart det Ishockey, skeisegåing og andre aktivitetar. Det vart fyrt opp i bålpanna slik at ein kunne få varme seg litt, når føtene måtte ha ein kvil. Midtvegs var det utelunsj med varm drikke, mjølk og brødskive. I tillegg hadde alle med seg frukt.  

Ishockey er moro. Foto: Torill Gjeldnes

Sjølv om gradestokken viste rundt -10 grader, vart det ein kjempefin dag å vere ute på. Det er lettare å kle på seg for å ikkje fryse, enn å kle på seg for å halde seg tørr. Ved 13-tida gjekk turen attende til skulen. Så var nok ein uteskuledag over. 

Preparering av isen er viktig for å få god is. Foto: Torill Gjeldnes

 

 

Publisert: 7. januar 2021, 16:10