Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening med interessant og opplysande helsekveld

Dordi Jorunn Halle Tysdag 27. oktober 2020

Kommuneoverlege Bjørn Buan møtte ei lydhør forsamling i Ungdomshuset måndag kveld. Han kunne slå fast at akkurat no er det kontroll på smittesituasjonen i Surnadal, men koronasmitta kjem plutseleg og uventa, og alle smitteutbrot er ulike. Det absolutt viktigaste og tryggaste er å halde god avstand i sosiale situasjonar. Så pass på meteren!

Buan sette pris på invitasjonen frå Todalen sanitetsforening, og han rosa sanitetskvinnene som har vore ein viktig aktør i norsk helsevesen i godt og vel 120 år. «Sanitetskvinnene har ei lang og stolt historie i kamp mot sjukdom, i arbeid for å fremje god folkehelse og for betre kvinnehelse», slo Buan fast. NKS har drive og driv ulike helseinstitusjonar og støttar medisinsk forsking. Orkdal sjukehus vart bygd av Orkdal sanitetsforening, og her lokalt hadde sanitetsforeininga tilsett sjukesøster som stelte sjuke i heimen. Sanitetskvinnene er viktige aktørar i lokal beredskap og er med i arbeidet for å skape trygge lokalsamfunn. Frivillige organisasjonar som NKS har vore viktige bidragsytarar for å skape det velferdssamfunnet vi har i dag, poengterte Buan.

Maren Ansnes og Bjørn Buan passar på «meteren»! Maren stilte med ny meterstokk frå NKS. Foto: Dordi J H

Koronasituasjonen i dag

Det er dessverre like mykje smitte i samfunnet i dag som i mars månad. No er det mange yngre smitteberarar og smittespreiarar, men koronaen rammar mest og hardast dei over 50 år, og sjukdommen rammar oftast hardare di eldre folk er. Heldigvis gjer erfaring og kunnskap at helsevesenet no kan handtere covid19-sjukdom betre enn før. Og  smitteverntiltaka verkar!

Koronasmitta kjem plutseleg og uventa, og kvart enkelt smittutbrot er veldig forskjellig. Enkelte tilfelle krev smittesporing over lengre tid og er svært ressurskrevjande, medan det siste utbrotet i Surnadal fekk dei kontroll på i løpet av ein dag. Smittesporing er detektivarbeid; og kan visstnok vere både morsomt og spennande, sjølv om det til tider er brenntravelt!

I Surnadal er det utført rett over 1600 koronatestar – ca 26 % av befolkninga, men berre 6 positive prøver. Det blir testa om lag 80 personar for veka no. Ein kan bestille koronatest ved å gå inn på nettsida c19.no.

Møre og Romsdal er det fylket i landet som så langt har færrast smitta pr 1000 innbyggarar.

Buan er klar på at det er viktig å sette inn kraftfulle tiltak når det oppstår smitte, og så snart ein får avklart smittesituasjonen, kan ein så avslutte tiltak som ein ser ikkje trengst. «Gi gass, og så brems!» Testing, isolasjon og karantene er effektive tiltak i kampen mot covid19.

Buan er glad for at det ikkje har vore smitte på sjukeheimen i kommunen– det er viktig! Her var det strenge tiltak, men absolutt nødvendige!

 Vi er no inne i ei ny smittebølge som det er viktig å snu. Vi må passe på å ha trygg sosial kontakt og følgje råda frå helsestyresmaktene.

No er det mykje tal om halloween-feiringa som står for døra; det må ikkje bli ein stafett i smittespreiing, var budskapet.

Buan kom inn på situasjonen i mars da pandemien kom til Norge. Da viste seg at det var stor mangel på smitteverneutstyr. Strategien har vore å ha små lager og kjøpe inn etter kvart – det er dårleg beredskap.

Det viser seg at kvinner til dels blir mindre alvorleg sjuke av covid19 enn menn; det kan ha med ulikt oppbygd immunforsvar hos dei to kjønna.

Sanitetskvinner som var med i komiteen. Frå venstre Arndis, Åse, Solveig, Synnøve og Steffi. Foto: Dordi J H

Tida framover

Vi må vere mentalt førebudde at smittesituasjonen vil vedvare over vinteren og mot hausten 2021. Kanskje kan det snart kome ei vaksine som verkar, vaksinen frå Pfizer er lovande. Men eventuell vaksinering vil ta lang tid.

Han anbefaler folk å ha munnbind i lomma, og bruke det når ein ser at det trengst.

Sanitetskvinnene kan hjelpe til med informasjonsformidling til personar som har problem med å følgje med på råda frå styresmaktene, til dømes innvandrarar. Viktig å bidra til at alle får viktig og nødvendig informasjon.

Kommuneoverlege Bjørn Buan heldt eit svært interessant, nyttig og inspirerande fordrag og svara på mange spørsmål frå salen. Ein absolutt vellykka kveld som vart avslutta med god kveldsmat og triveleg samtale rundt borda.

God avstand mellom publikum. Her ser vi Ingeborg, Jorunn, Eli, May-Elisabeth, Nils, Synnøve og Gunn Tove. Foto: Dordi J H

Minne frå «gamle dagar». Heldigvis er ikkje denne plakaten aktuell lenger! Foto: Dordi J H

Publisert: 27. oktober 2020, 01:14